Velkomen til oss

Vestnes Frivilligsentral ynskjer å legge til rette for frivilligheita, og vere med å skape gode møteplassar og samarbeidsarenaer for frivillig aktivitet i kommunen vår.

Aktivitetar

Her finn du litt informasjon om det vi driv med på sentralen. Klikk for meir informasjon.

Har du litt tid til overs eller berre lyst til å gjere noko for andre? Vestnes Frivilligsentral har fleire aktivitetar vi treng frivillige til. Å vere frivillig er kjekt og givande, og gjer at ein vert kjent med nye menneske i lokalsamfunnet. Vi koplar deg også gjerne med andre frivillige organisasjonar som held på med det kunne tenke deg å vere med på.

Les mer

Utstyrssentralen inneheld det meste for å vere aktiv heile året. Utstyret kan lånast gratis av alle på Vestnes Frivilligsentral. I samarbeid med Kråkvikas venner låner vi ut robåtar og kanoar i Kråkvika Friluftsområde til glede for alle innbyggjarar i Vestnes kommune.

Les mer

NB: aktiviteten er pausa pga. smittevernomsyn. vi håper å starte opp att i februar 2021. Vestnes Røde Kors, Vestnes pensjonistlag og Gamleskulens venner, i samarbeid med Frivilligsentralen, ynskjer velkomen til Tirsdagskaffe. Tirsdagskaffe er ein uformell møteplass for alle - det er berre å kome innom, slå av ein prat, og nyte ein kopp kaffi og noko å bite i.

Les mer

Det er krevjande tider for mange av oss, og for heile samfunnet. Mange har lyst til å hjelpe, og ein del av dei som bur i Vestnes kommune treng hjelp. I første omgang treng vi frivillige som kan hente og levere matvarer/medisinar til personar i karantene, eller som av andre grunnar som følgje av koronautbrotet ikkje kjem seg til butikken eller på apoteket.

Les mer

Vestnes kommune er rik på frivillighet. Det er eit mangfald av lag, organisasjonar og enkeltmenneske som kvar dag gjer ein stor innsats for si bygd og sitt nærmiljø, og slik bidreg til at det er mykje trivsel i Vestnes kommune. Frivilligsentralen skal ikkje vere ein konkurrent til dette, men vil vere ein støttespelar og ressurs for lag og organisasjonar i kommunen. Vestnes Frivilligsentral tilbyr rettleiing og kurs i organisasjonsarbeid: økonomistyring, styrearbeid, medlemsrekrutterting, prosjektstyring, søknadsskriving etc. I tillegg kan Frivilligsentralen bidra med koordinering i samarbeidsprosjekt og etablere aktivitetar det er behov for, men som ikkje finnes

Les mer

Vestnes Frivilligsentral koordinerer arbeidet med Stikk UT! i Vestnes kommune. 

Les mer

Frivilligsentralen sine lokaler kan du leige. Lokala vert brukt til barnedåp, konfirmasjonar, bursdagar og møtevirksomheit. Alle organisasjonar kan låne rom gratis til styremøter.

Les mer

I lag med Barnas Turlag Vestnes arrangerer vi Full Rulle på tur! Full Rulle på tur er for deg som er heime med små og vil treffe andre i same situasjon. Vi møtast kvar onsdag kl. 10.30, og trillar tur ilag.

Les mer

 Målet med Aktivitetsvenn for personar med demens er å gje personar med demens fleire aktivitetar og gode opplevingar i kvardagen. Den frivillige aktivitetsvennen og personen som har demens vil gjere aktivitetar saman, aktivitetar som begge trives med – dobbel glede!

Les mer

Frivillige lag og organisasjonar, barnehagar og skular kan låne utstyr som Frivilligsentralen har fått tildelt frå Sunnmøre Friluftsråd.

Les mer

Frivilligdagen 2020 er dessverre avlyst grunna koronapandemien. Frivilligdagen - fole kjekt i Vestnes! Møtestad for lag og organisasjonar og innbyggjarar i Vestnes kommune. Arrangerast kvart år i september.

Les mer

P.g.a koronapandemien er denne aktiviteten på pause. Ikkje alle av oss har nokon vi kan øvelsekjøre med. Sertifikat er viktig å ha både for å bu på Vestnes, og i mange tilfelle gjer det enklare å få jobb. I samarbeid med Møre og Romsdal Røde Kors har vi ein bil på Vestnes annakvar månad som vi brukar til øvelseskjøring. Å vere frivillig i Habil er både kjekt, nyttig, lærerikt, meiningsfylt, og ein ser heile tida tydelege resultat.

Les mer

Koronadugnad - handlehjelp

Her kan du melde i frå til Frivilligsentralen og Vestnes kommune om du kan bidra som frivillig med å hente varer i matbutikk/apotek og levere til nokon som treng det. Her kan du også melde i frå om du treng hjelp til handling av matvarer/medisin. Tilbodet er til deg som er i karantene eller av andre årsakar relatert til koronautbrotet ikkje får handla. Når du har sendt inn inn informasjon, tek vi kontakt så snart vi kan. Sjå mei info lengre ned på sida, under aktivitetar. Huk av i boksen "Koronadugnad-handlehjelp" så kjem skjema opp. Tusen takk!

Kva skjer

Dato Kl. Tittel Sted
Ingen kommende hendelser

Nyheiter

Bli frivillig

Frivilligsentralen og frivillige organisasjonar treng deg som frivillig, alle kan bidra med noko. Sei gjerne i frå her om du vil vere frivillig så tek vi kontakt og finn ilag med deg noko som passar deg.

Om oss

Ta kontakt eller kom innom for ein prat om kva vi kan gjere for deg og kva du kan gjere for andre.

2021 © Vestnes frivilligsentral