Tirsdagskaffen

Ta Tirsdagskaffen på Frivilligsentralen! Vestnes Røde Kors, Vestnes pensjonistlag og Gamleskulens venner, i samarbeid med Frivilligsentralen, ynskjer velkomen til Tirsdagskaffe.

Tirsdagskaffe er ein uformell møteplass for alle - det er berre å kome innom, slå av ein prat, og nyte ein kopp kaffi og noko å bite i. Tirsdagskaffe foregår på Frivilligsentralen, Gamleskulen (Remmemsvegen 2), frå kl. 12.00-14.00. 

Vi håper mange vil ta Tirsdagskaffen ilag med oss, og at det vert ein god plass for å treffast. 

Oppstart hausten 2023 er tirsdag 22.august.

Velkomen!

 


Flere aktiviteter
2024 © Vestnes frivilligsentral