SMUD - eit ungdomstilbud

SMUD er eit tilbod for alle ungdommar i Vestnes kommune, og det er heilt gratis. Aldersgrensa er frå 8.klasse til 18 år. Tilboda er ungdomsklubb, test ein aktivitet, teknolabb, studio/tekstlabb og temakveldar.

SMUD ungdomsklubb er open kvar torsdag, kl. 18.00-21.00. Du finn den i Vestnes sentrum, storstua på gamle sjukeheimen - Misfjordvegen 2.

Ungdomsklubben er ein uformell stad kor ungdom kan møtast. Brettspel, kortspel, air hockey, biljard og gaming med spillkonsollar er nokon av aktivitetane du finn her. Om du berre vil komme for å chille og bli kjend med andre er det også heilt OK! Det vil og bli enkel servering av mat og drikke, og ulike aktivitettilbod frå gong til gong. 

Ungdomsklubben er i samarbeid med Vestnes Røde Kors og andre frivillige. Det er alltid minst to vaksne tilstade på ungdomsklubben.

Utvider tilbodet- treng fleire frivillige

SMUD skal utvide tilbodet sitt og treng derfor fleire frivillige. Opa dør, som det nye tilbodet heiter, vil vere opent på tysdagar og onsdagar frå 14.30-16.30. Dette er eit tilbod utan arrangerte aktivitetar, der ungdommane kan få seg ein matbit, gjere lekser eller berre slappe av. Er du ein omgjengeleg, til tider tolmodig og trygg person som trivast i lag med ungdom, håpar vi du tek kontakt med oss.

Er du interessert eller vil vite meir, kontakt Julie på:
julie.eide@vestnes.kommune.no
Eller mobil: 902 64 163
OBS! Frivillige må vere 18 år eller eldre.


Følg med på facebook og instagram for informasjon om ting som skjer: test ein aktivitet, teknolabb, studio/tekstlabb og temakveldar. 

Noko du lurer på? Kontrakt prosjekttilsett Julie Rypdal Eide, tlf: 902 64 163.

Flere aktiviteter
2024 © Vestnes frivilligsentral