-
Bli frivillig
Har du litt tid til overs eller berre lyst til å gjere noko for andre? Vestnes Frivilligsentral har fleire aktivitetar vi treng frivillige til. Å vere frivillig er kjekt og givande, og gjer at ein vert kjent med nye menneske i lokalsamfunnet. Vi koplar deg også gjerne med andre frivillige organisasjonar som held på med det kunne tenke deg å vere med på.
Utstyrssentralen
På BUA Vestnes kan alle låne utstyr til vinteraktivitet, sommaraktivitet og friluftsliv heile året. Lån er enkelt, gratis og berekraftig.Kanskje har du lyst å teste ut om alpint er noko for deg? Eller har skisko til minstemann plutseleg blitt for små? Kva med å ta seg ein fisketur eller telttur, eller begge deler?
På BUA Vestnes kan du låne sports- og aktivitetsutstyr. Det er berre å sette i gang, enten du vil har lyst til å rulle, flyte, skli, fyke, traske, labbe, klatre, dingle, hoppe, sprette eller tumle og ramle.
På nettsida kan du sjå kva utstyr vi til ei kvar tid har inne – det er ikkje mogleg å reservere utstyr så det er førstemann til BUA som gjeld.
For å låne utstyr må du ha låneprofil i BUA, den lagar du lett sjølv. Her opprettar du brukar i BUA. Vi hjelper deg også gjerne.
BUA Vestnes driftast av Vestnes Frivilligsentral, og er ope torsdagar 15 - 17.00.
Variasjon i opningstider kan førekomme. Dette blir posta på bua.no, BUA Vestnes på Facebook og i aktivitetskalenderen på ivestnes.no.
Velkommen til BUA Vestnes!
Har du spørsmål om utstyr og utlån ta gjerne kontakt med Frivilligsentralen på frivillig@vestnes.kommune.no.
Del på:
-
Friluftsutstyr for organisasjonar, skular og barnehagar
Frivillige lag og organisasjonar, barnehagar og skular kan låne utstyr som Frivilligsentralen har fått tildelt frå Sunnmøre Friluftsråd.
-
Full Rulle - med musikk frå livets begynnelse
Ilag med Vestnes Kulturskule inviterer Vestnes frivilligsentral til Full Rulle med musikk på Vestnes bibliotek. Full Rulle er for alle som er heime med baby/små barn.
-
Habil - øvelseskjøring
Ikkje alle av oss har nokon vi kan øvelsekjøre med. Sertifikat er viktig å ha både for å bu på Vestnes, og i mange tilfelle gjer sertifikat det enklare å få jobb. I samarbeid med Vestnes Røde Kors og Flyktningtenesta har vi ein bil (frå Møre og Romsdal Røde Kors) på Vestnes annakvar månad som vi brukar til øvelseskjøring. Å vere frivillig i Habil er både kjekt, lærerikt, meiningsfylt, og ein ser heile tida tydelege resultat.
-
Hagen vår
Hagen ved Vestnes Frivilligsentral er open for alle, og kan lånast til arrangement. Hagen har scene, lysthus og mange flotte blomar.