Velkomen til oss
Aktivitetar
Har du litt tid til overs eller berre lyst til å gjere noko for andre? Vestnes Frivilligsentral har fleire aktivitetar vi treng frivillige til. Å vere frivillig er kjekt og givande, og gjer at ein vert kjent med nye menneske i lokalsamfunnet. Vi koplar deg også gjerne med andre frivillige organisasjonar som held på med det kunne tenke deg å vere med på.
Les merKvart års arrangerer Frivilligsentralen ilag med lag og organisasjonar Frivilligdagen - fole kjekt i Vestnes! Då er det mykje liv og røre i Helland sentrum, der syner lag og organisasjonar i Vestnes kommune kva dei gjer på. Det er informasjonsstands, sal av mat og drikke, konkurransar og loddsal, musikk, dans og appellar, aktivitetar for born og mykje, mykje meir!
Les merPå Språkkafé er alle velkommen! På Språkkafeen får man praktisere norsk med trivelige folk, og bli bedre kjent med folk i Vestnes. Praten går over en kopp kaffe med noe å bite i. Oppstart våren 2025 er onsdag 29.januar.
Les merPå BUA Vestnes kan alle låne utstyr til vinteraktivitet, sommaraktivitet og friluftsliv heile året. Lån er enkelt, gratis og berekraftig.
Les merTa Tirsdagskaffen på Frivilligsentralen! Vestnes Røde Kors, Vestnes pensjonistlag og Gamleskulens venner, i samarbeid med Frivilligsentralen, ynskjer velkomen til Tirsdagskaffe.
Les merSMUD er eit tilbod for alle ungdommar i Vestnes kommune, og det er heilt gratis. Aldersgrensa er frå 8.klasse til 18 år. Tilboda er ungdomsklubb, test ein aktivitet, teknolabb, studio/tekstlabb og temakveldar.
Les merVelkomen til eit fornya Full Rulle! Ilag med Vestnes Kulturskule inviterer Vestnes Frivilligsentral til Full Rulle med musikk i det flotte nye Vestnes bibliotek (Stella Maris). Full Rulle er for alle som er heime med baby/små barn.
Les merIkkje alle av oss har nokon vi kan øvelsekjøre med. Sertifikat er viktig å ha både for å bu på Vestnes, og i mange tilfelle gjer sertifikat det enklare å få jobb. I samarbeid med Vestnes Røde Kors og Flyktningtenesta har vi ein bil (frå Møre og Romsdal Røde Kors) på Vestnes annakvar månad som vi brukar til øvelseskjøring. Å vere frivillig i Habil er både kjekt, lærerikt, meiningsfylt, og ein ser heile tida tydelege resultat.
Les merVestnes kommune er rik på frivillighet. Det er eit mangfald av lag, organisasjonar og enkeltmenneske som kvar dag gjer ein stor innsats for si bygd og sitt nærmiljø, og slik bidreg til at det er mykje trivsel i Vestnes kommune. Frivilligsentralen skal ikkje vere ein konkurrent til dette, men vil vere ein støttespelar og ressurs for lag og organisasjonar i kommunen. Vestnes Frivilligsentral tilbyr rettleiing og kurs i organisasjonsarbeid: økonomistyring, styrearbeid, medlemsrekrutterting, prosjektstyring, søknadsskriving etc. I tillegg kan Frivilligsentralen bidra med koordinering i samarbeidsprosjekt og etablere aktivitetar det er behov for, men som ikkje finnes
Les merVestnes Frivilligsentral koordinerer arbeidet med Stikk UT! i Vestnes kommune.
Les merFrivilligsentralen sine lokaler kan du leige. Lokala vert brukt til barnedåp, konfirmasjonar, bursdagar og møtevirksomheit. Alle organisasjonar kan låne rom gratis til styremøter.
Les merFrivillige lag og organisasjonar, barnehagar og skular kan låne utstyr som Frivilligsentralen har fått tildelt frå Sunnmøre Friluftsråd.
Les merKva skjer
Aktivitetskalenderen for alt som skjer i Vestnes kommune finn du på nettsida iVestnes.
På iVestnes kan alle som har opne aktivitetar legge dei inn, du treng ikkje passord. Vi godkjenner alle aktivitetar før dei vert publisert fortløpande.
Dato | Kl. | Tittel | Sted |
---|---|---|---|
Ingen kommende hendelser |