Stikk UT!

Vestnes Frivilligsentral koordinerer arbeidet med Stikk UT! i Vestnes kommune. 

Organisasasjonar og enkelt personar rundt om i heile kommunen legg ned ein stor frivillig innsats i å merke løyper og lage gode turskildringar slik at vi alle kan få lettare tilgong på gode naturopplevingar.

Stikk UT! er ein elektronisk turkassetrim folk i alle aldrar og med ulik fysisk kapasitet kan vere med på. På turmåla finn du som turgåar ein kode du enten skriv inn direkte i appen "Morotur" på mobilen, eller på nettsida til Stikk UT! når du kjem heim. Her kan du følgje med på eigne og andre sine turar og turmål. Der finn du også detaljert informasjon om kvar enkelt tur og kan vurdere på førehand om dette er ein tur som passar deg.

Meir informasjon og oversikt over alle turmåla i Vestnes og i Møre og Romsdal finn du på Stikk UT!.

Sesongen 2023 startar 1.mai.

Flere aktiviteter
2024 © Vestnes frivilligsentral