Full Rulle - med musikk frå livets begynnelse
Velkomen til eit fornya Full Rulle! Ilag med Vestnes Kulturskule inviterer Vestnes Frivilligsentral til Full Rulle med musikk i det flotte nye Vestnes bibliotek (Stella Maris). Full Rulle er for alle som er heime med baby/små barn.Musikklærar, Marit-Ellen Lund Salthammer,frå kulturskulen startar opp Full Rulle med ca. 30 min med musikk, piano/rytme/stemme. Samspelet mellom foreldre og barn gjennom musikk er veldig positivt for barnets utvikling. Opplegget er heilt lågterskel, alle kan vere med.Etterpå er alle velkomen til å være ilag på biblioteket eller gå ein tur ilag.
Oppstart hausten 2023 er onsdag 30.august, kl. 11.00 og er kvar onsdag (med unntak av i haustferien, 11.oktober) . Siste Full Rulle før jul er onsdag 13.desember.
Tilbodet er gratis.
Vi håpar mange tek turen - kjekt å møtes! <3
Velkomen!
Del på:
-
Bli frivillig
Har du litt tid til overs eller berre lyst til å gjere noko for andre? Vestnes Frivilligsentral har fleire aktivitetar vi treng frivillige til. Å vere frivillig er kjekt og givande, og gjer at ein vert kjent med nye menneske i lokalsamfunnet. Vi koplar deg også gjerne med andre frivillige organisasjonar som held på med det kunne tenke deg å vere med på.
-
Friluftsutstyr for organisasjonar, skular og barnehagar
Frivillige lag og organisasjonar, barnehagar og skular kan låne utstyr som Frivilligsentralen har fått tildelt frå Sunnmøre Friluftsråd.
-
Frivilligdagen - fole kjekt i Vestnes!
Kvart års arrangerer Frivilligsentralen ilag med lag og organisasjonar Frivilligdagen - fole kjekt i Vestnes! Då er det mykje liv og røre i Helland sentrum, der syner lag og organisasjonar i Vestnes kommune kva dei gjer på. Det er informasjonsstands, sal av mat og drikke, konkurransar og loddsal, musikk, dans og appellar, aktivitetar for born og mykje, mykje meir! Sett av datoen for 2023: 9.september.
-
Habil - øvelseskjøring
Ikkje alle av oss har nokon vi kan øvelsekjøre med. Sertifikat er viktig å ha både for å bu på Vestnes, og i mange tilfelle gjer sertifikat det enklare å få jobb. I samarbeid med Vestnes Røde Kors og Flyktningtenesta har vi ein bil (frå Møre og Romsdal Røde Kors) på Vestnes annakvar månad som vi brukar til øvelseskjøring. Å vere frivillig i Habil er både kjekt, lærerikt, meiningsfylt, og ein ser heile tida tydelege resultat.
-
Hagen vår
Hagen ved Vestnes Frivilligsentral er open for alle, og kan lånast til arrangement. Hagen har scene, lysthus og mange flotte blomar.