Aktivitetsvenn - dobbel glede!

 Målet med Aktivitetsvenn for personar med demens er å gje personar med demens fleire aktivitetar og gode opplevingar i kvardagen. Den frivillige aktivitetsvennen og personen som har demens vil gjere aktivitetar saman, aktivitetar som begge trives med – dobbel glede!

Eksemplar på aktivitetar er å gå tur, trene, gå i teater eller på kino, fiske, måle, eller bare treffast for ein kopp kaffi og ein liten prat. Med ein aktivitetsvenn kan personar med demens få muligheit til å fortsette sine vanlege aktivitetar. 

Alle frivillige aktivitetsvennar må delta på eit kurs. Kurset vil gje deg kunnskap om demens, kommunikasjon, samhandling og rolla som frivillig. Aktivitetsvenn er et samarbeidsprosjekt mellom Vestnes Frivilligsentral, Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt lokallag på Vike og Vestnes kommune. Vi vil saman gjere aktiviteten kjekk og trygg for den frivillige aktivitetsvennen, for personar med demens og deira pårørande.

Nasjonalforeningen for folkehelsen utvikla Aktivitetsvenn med midlar frå TV-aksjonen i 2013.

Er du nyfiken og lyst til å vite meir så er du velkommen til å ta kontakt og melde deg på kurs. Kurs vert arrangert med jamne mellomrom.  Det er først etter kurset du bestemmer om du vil vere aktivitetsvenn. Som aktivitetsvenn er du med og gir personar med demens fleire gode dagar og gode opplevingar. Du er med på å gjere ein forskjell for andre!

 

Ta kontakt om du vil vere med, eller ynskjer meir informasjon.

Flere aktiviteter

Bli frivillig

Har du litt tid til overs eller berre lyst til å gjere noko for andre? Vestnes Frivilligsentral har fleire aktivitetar vi treng frivillige til. Å vere frivillig er kjekt og givande, og gjer at ein vert kjent med nye menneske i lokalsamfunnet. Vi koplar deg også gjerne med andre frivillige organisasjonar som held på med det kunne tenke deg å vere med på.

Friluftsutstyr for organisasjonar, skular og barnehagar

Frivillige lag og organisasjonar, barnehagar og skular kan låne utstyr som Frivilligsentralen har fått tildelt frå Sunnmøre Friluftsråd.

Frivilligdagen - fole kjekt i Vestnes!

Frivilligdagen 2020 er dessverre avlyst grunna koronapandemien. Frivilligdagen - fole kjekt i Vestnes! Møtestad for lag og organisasjonar og innbyggjarar i Vestnes kommune. Arrangerast kvart år i september.

Full Rulle på tur

I lag med Barnas Turlag Vestnes arrangerer vi Full Rulle på tur! Full Rulle på tur er for deg som er heime med små og vil treffe andre i same situasjon. Vi møtast kvar onsdag kl. 10.30, og trillar tur ilag.

Habil - øvelseskjøring

P.g.a koronapandemien er denne aktiviteten på pause. Ikkje alle av oss har nokon vi kan øvelsekjøre med. Sertifikat er viktig å ha både for å bu på Vestnes, og i mange tilfelle gjer det enklare å få jobb. I samarbeid med Møre og Romsdal Røde Kors har vi ein bil på Vestnes annakvar månad som vi brukar til øvelseskjøring. Å vere frivillig i Habil er både kjekt, nyttig, lærerikt, meiningsfylt, og ein ser heile tida tydelege resultat.

2021 © Vestnes frivilligsentral