Habil - øvelseskjøring

Ikkje alle av oss har nokon vi kan øvelsekjøre med. Sertifikat er viktig å ha både for å bu på Vestnes, og i mange tilfelle gjer sertifikat det enklare å få jobb. I samarbeid med Vestnes Røde Kors og Flyktningtenesta har vi ein bil (frå Møre og Romsdal Røde Kors) på Vestnes annakvar månad som vi brukar til øvelseskjøring. Å vere frivillig i Habil er både kjekt, lærerikt, meiningsfylt, og ein ser heile tida tydelege resultat.

HABIL

Det er mange som har behov for nokon å øvelseskjøre med. For å vere frivillig må du hatt sertifikat samanhengande i minst 5 år. Vi samlar frivillige og deltakarar til treff innimellom for å utveksle erfaring. 

Dei som skal øvelseskjøre må ha trafikalt grunnkurs (om dei er under 25 år), hatt to timar på kjøreskule og ha tatt mørkekjøringsdemonstrasjon. 

Habil er et tilbod til alle som trenger nokon å øvelseskjøre med.

Når ein skal kjøre avtalar den frivillige og deltakar seg imellom, deltakar har ansvar for å booke bilen. Som frivillig kan du sjølv regulerer kor ofte og når ein skal kjøre, men det er viktig at det ikkje går for lang tid mellom kvar gong slik at ein får ei god utvikling i kjøringa.

 

Har du lyst å vere med som frivillige, eller deltakar? Har du noko du lurer på? Ta gjerne kontakt.

 

Flere aktiviteter

Lag og organisasjonar

Vestnes kommune er rik på frivillighet. Det er eit mangfald av lag, organisasjonar og enkeltmenneske som kvar dag gjer ein stor innsats for si bygd og sitt nærmiljø, og slik bidreg til at det er mykje trivsel i Vestnes kommune. Frivilligsentralen skal ikkje vere ein konkurrent til dette, men vil vere ein støttespelar og ressurs for lag og organisasjonar i kommunen. Vestnes Frivilligsentral tilbyr rettleiing og kurs i organisasjonsarbeid: økonomistyring, styrearbeid, medlemsrekrutterting, prosjektstyring, søknadsskriving etc. I tillegg kan Frivilligsentralen bidra med koordinering i samarbeidsprosjekt og etablere aktivitetar det er behov for, men som ikkje finnes

2026 © Vestnes frivilligsentral