Om Vestnes Frivilligsentral

Vestnes Frivilligsentral skal bidra til at innbyggjarane i Vestnes kommune kjenner trivsel og tilknyting i lokalsamfunnet, og legg til rette for deltaking i lokalsamfunnet. Vestnes Frivilligsentral vart starta opp sommaren 1997, og held til i Gamleskulen på Helland - Remmemsvegen 2.

Frivilligsentralen skal vere aktuell for ei breidde av innbyggjarane i kommunen, og har derfor ulike aktivitetar. Samtidig skal ikkje Frivilligsentralen ha aktivitet som kan konkurrere med det lag og organisasjonar gjer, men kan spele ei rolle i å etablere aktivitetar det er behov for, men som ikkje finnes.

I tillegg til dei faste aktivitetane bidreg Frivilligsentralen i andre aktivitetar og prosjekt i samarbeid med frivilligheten. Frivilligsentralen vil jobbe for å samordne den frivillige innsatsen som privatpersonar og frivillige organisasjonar i kommunen utfører, der det er naturleg. Målet er bidra til å styrke og fremme det frivillige arbeidet, og gjennom det vere ein møteplass og brubyggjar mellom menneske, frivillige organisasjonar og det offentlege. 

Har du tips til nye aktivitetar eller prosjekt – ta gjerne kontakt!


Våre langsiktige mål er å:

  • vere ein møteplass og brubyggjar mellom menneske, frivillige organisasjonar og det offentlege

  • vere ein aktiv støttespelar og kompetansebank for frivilligheten i Vestnes kommune 


Vestnes Frivilligsentral er eigd av Vestnes kommune, men har sitt eige styre og årsmøte. Kulturdepartementet gjev støtte til dei om lag 400 Frivilligsentralane i Noreg.

Vi tek veldig gjerne imot ideear til aktivitet og tilbod, ta kontakt med dagleg leiar.

2024 © Vestnes frivilligsentral