Hagen vår

Hagen ved Vestnes Frivilligsentral er open for alle, og kan lånast til arrangement. Hagen har scene, lysthus og mange flotte blomar.

Hagen ved Frivilligsentralen vart opna 9.mai 2015. Hagen har blitt til gjennom prosjektstøtte og mangfoldige dugnadar og stor frivillig innsats frå Gamleskulens vener, Vestnes Hagelag og andre. Hagen inneheld eit mangfald av blomar, busker og tre som byr på mange fargar, gode lukter og smakar.

Hagen har eit lysthus som alltid står ope - her kan du sitte i le med ein kaffikopp og nyte utsikta mot småbåthamna og Romsdalsfjorden. I hagen er det eit stort leikestativ for barna, og ved låven er det bygd ei scene som kan nyttast til ulike arrangement, benkar som utgjer eit amfi kan også setjast fram.

Har du lyst til å bidra med arbeid i hagen? Ta kontakt med Frivilligsentralen.

Hagen er til for alle, hjerteleg velkomen!

Nokre glimt frå hagen:


Flere aktiviteter

Lag og organisasjonar

Vestnes kommune er rik på frivillighet. Det er eit mangfald av lag, organisasjonar og enkeltmenneske som kvar dag gjer ein stor innsats for si bygd og sitt nærmiljø, og slik bidreg til at det er mykje trivsel i Vestnes kommune. Frivilligsentralen skal ikkje vere ein konkurrent til dette, men vil vere ein støttespelar og ressurs for lag og organisasjonar i kommunen. Vestnes Frivilligsentral tilbyr rettleiing og kurs i organisasjonsarbeid: økonomistyring, styrearbeid, medlemsrekrutterting, prosjektstyring, søknadsskriving etc. I tillegg kan Frivilligsentralen bidra med koordinering i samarbeidsprosjekt og etablere aktivitetar det er behov for, men som ikkje finnes

2026 © Vestnes frivilligsentral