-
Bli frivillig
Har du litt tid til overs eller berre lyst til å gjere noko for andre? Vestnes Frivilligsentral har fleire aktivitetar vi treng frivillige til. Å vere frivillig er kjekt og givande, og gjer at ein vert kjent med nye menneske i lokalsamfunnet. Vi koplar deg også gjerne med andre frivillige organisasjonar som held på med det kunne tenke deg å vere med på.
Utleige av lokaler
Frivilligsentralen sine lokaler kan du leige. Lokala vert brukt til barnedåp, konfirmasjonar, bursdagar og møtevirksomheit. Alle organisasjonar kan låne rom gratis til styremøter.
Huset er stort og innhaldsrikt:
- Festsal, plass til 30 stk ved bordoppsett (1.etg)
- Peisstove med sofa/stol plass til 15 stk, peisstova har også eit møtebord med plass til 8 stk (1.etg)
- Kjøkken (1.etg)
- Møterom på loftet med plass til 20 stk
- Kjøkken på loft, plass til 6 stk
Projektor kan lånast av dei som har behov for det, peisstova, festsalen og møterom på loftet har lerret fastmontert på vegg.
Kommunestyre fastset prisar for leige, lag og organisasjonar har eigne prisar.
Ta kontakt med på e-post frivillig@vestnes.kommune.no om du ønsker å låne eller leige lokaler.
Del på:
-
Friluftsutstyr for organisasjonar, skular og barnehagar
Frivillige lag og organisasjonar, barnehagar og skular kan låne utstyr som Frivilligsentralen har fått tildelt frå Sunnmøre Friluftsråd.
-
Full Rulle - med musikk frå livets begynnelse
Ilag med Vestnes Kulturskule inviterer Vestnes frivilligsentral til Full Rulle med musikk på Vestnes bibliotek. Full Rulle er for alle som er heime med baby/små barn.
-
Habil - øvelseskjøring
Ikkje alle av oss har nokon vi kan øvelsekjøre med. Sertifikat er viktig å ha både for å bu på Vestnes, og i mange tilfelle gjer sertifikat det enklare å få jobb. I samarbeid med Vestnes Røde Kors og Flyktningtenesta har vi ein bil (frå Møre og Romsdal Røde Kors) på Vestnes annakvar månad som vi brukar til øvelseskjøring. Å vere frivillig i Habil er både kjekt, lærerikt, meiningsfylt, og ein ser heile tida tydelege resultat.
-
Hagen vår
Hagen ved Vestnes Frivilligsentral er open for alle, og kan lånast til arrangement. Hagen har scene, lysthus og mange flotte blomar.