Full Rulle - med musikk frå livets begynnelse

Ilag med Vestnes Kulturskule inviterer Vestnes frivilligsentral til Full Rulle med musikk på Vestnes bibliotek. Full Rulle er for alle som er heime med baby/små barn.

Musikklærar, Marit-Ellen Lund Salthammer,frå kulturskulen startar opp Full Rulle med ca. 30 min med musikk, piano/rytme/stemme. Samspelet mellom foreldre og barn gjennom musikk er veldig positivt for barnets utvikling. Opplegget er heilt lågterskel, alle kan vere med.Etterpå er alle velkomen til å være ilag på biblioteket eller gå ein tur ilag.


Oppstart høsten 2026 er onsdag 26. august, kl. 11.00 og er kvar onsdag (med unntak av i haustferien).

Tilbodet er gratis.


Vi håpar mange tek turen - kjekt å møtes! <3 


Velkomen!

   

 

 

Flere aktiviteter

Lag og organisasjonar

Vestnes kommune er rik på frivillighet. Det er eit mangfald av lag, organisasjonar og enkeltmenneske som kvar dag gjer ein stor innsats for si bygd og sitt nærmiljø, og slik bidreg til at det er mykje trivsel i Vestnes kommune. Frivilligsentralen skal ikkje vere ein konkurrent til dette, men vil vere ein støttespelar og ressurs for lag og organisasjonar i kommunen. Vestnes Frivilligsentral tilbyr rettleiing og kurs i organisasjonsarbeid: økonomistyring, styrearbeid, medlemsrekrutterting, prosjektstyring, søknadsskriving etc. I tillegg kan Frivilligsentralen bidra med koordinering i samarbeidsprosjekt og etablere aktivitetar det er behov for, men som ikkje finnes

2026 © Vestnes frivilligsentral