-
Bli frivillig
Har du litt tid til overs eller berre lyst til å gjere noko for andre? Vestnes Frivilligsentral har fleire aktivitetar vi treng frivillige til. Å vere frivillig er kjekt og givande, og gjer at ein vert kjent med nye menneske i lokalsamfunnet. Vi koplar deg også gjerne med andre frivillige organisasjonar som held på med det kunne tenke deg å vere med på.
Tirsdagskaffen
Ta Tirsdagskaffen på Frivilligsentralen! Vestnes Røde Kors, Vestnes pensjonistlag og Gamleskulens venner, i samarbeid med Frivilligsentralen, ynskjer velkomen til Tirsdagskaffe.Tirsdagskaffe er ein uformell møteplass for alle - det er berre å kome innom, slå av ein prat, og nyte ein kopp kaffi og noko å bite i. Tirsdagskaffe foregår på Frivilligsentralen, Gamleskulen (Remmemsvegen 2), frå kl. 12.00-14.00.
Vi håper mange vil ta Tirsdagskaffen ilag med oss, og at det vert ein god plass for å treffast.
Oppstart hausten 2026 er tirsdag 11. august.
Velkomen!
Del på:
-
Friluftsutstyr for organisasjonar, skular og barnehagar
Frivillige lag og organisasjonar, barnehagar og skular kan låne utstyr som Frivilligsentralen har fått tildelt frå Sunnmøre Friluftsråd.
-
Full Rulle - med musikk frå livets begynnelse
Ilag med Vestnes Kulturskule inviterer Vestnes frivilligsentral til Full Rulle med musikk på Vestnes bibliotek. Full Rulle er for alle som er heime med baby/små barn.
-
Habil - øvelseskjøring
Ikkje alle av oss har nokon vi kan øvelsekjøre med. Sertifikat er viktig å ha både for å bu på Vestnes, og i mange tilfelle gjer sertifikat det enklare å få jobb. I samarbeid med Vestnes Røde Kors og Flyktningtenesta har vi ein bil (frå Møre og Romsdal Røde Kors) på Vestnes annakvar månad som vi brukar til øvelseskjøring. Å vere frivillig i Habil er både kjekt, lærerikt, meiningsfylt, og ein ser heile tida tydelege resultat.
-
Hagen vår
Hagen ved Vestnes Frivilligsentral er open for alle, og kan lånast til arrangement. Hagen har scene, lysthus og mange flotte blomar.