-
Bli frivillig
Har du litt tid til overs eller berre lyst til å gjere noko for andre? Vestnes Frivilligsentral har fleire aktivitetar vi treng frivillige til. Å vere frivillig er kjekt og givande, og gjer at ein vert kjent med nye menneske i lokalsamfunnet. Vi koplar deg også gjerne med andre frivillige organisasjonar som held på med det kunne tenke deg å vere med på.
SMUD - eit ungdomstilbud
SMUD er eit tilbod for alle ungdommar i Vestnes kommune, og det er heilt gratis. Aldersgrensa er frå 8.klasse til 18 år. Tilboda er ungdomsklubb og opa dør.SMUD ungdomsklubb er open kvar torsdag med klubb, kl. 18.00-21.00, og tysdagar og onsdagar frå 14.30-16.30 med opa dør. Du finn SMUD i Vestnes sentrum, storstua på gamle sjukeheimen - Misfjordvegen 2.
Ungdomsklubben er ein uformell stad kor ungdom kan møtast. Brettspel, kortspel, air hockey, biljard og gaming med spillkonsollar er nokon av aktivitetane du finn her. Om du berre vil komme for å chille og bli kjend med andre er det også heilt OK! Det vil og bli enkel servering av mat og drikke, og ulike aktivitettilbod frå gong til gong.
Opa dør er eit tilbod utan arrangerte aktivitetar, der ungdommane kan få seg ein matbit, gjere lekser eller berre slappe av.
Ungdomsklubben er i samarbeid med Tresfjord og Vestnes Røde Kors og andre frivillige. Det er alltid minst tre vaksne tilstade på ungdomsklubben.
Treng fleire frivillige
Følg med på facebook og instagram for informasjon om ting som skjer:
Noko du lurer på? Kontrakt Julie Rypdal Eide, tlf: 902 64 163.
Del på:
-
Friluftsutstyr for organisasjonar, skular og barnehagar
Frivillige lag og organisasjonar, barnehagar og skular kan låne utstyr som Frivilligsentralen har fått tildelt frå Sunnmøre Friluftsråd.
-
Frivilligdagen - fole kjekt i Vestnes!
Kvart års arrangerer Frivilligsentralen ilag med lag og organisasjonar Frivilligdagen - fole kjekt i Vestnes! Då er det mykje liv og røre i Helland sentrum, der syner lag og organisasjonar i Vestnes kommune kva dei gjer på. Det er informasjonsstands, sal av mat og drikke, konkurransar og loddsal, musikk, dans og appellar, aktivitetar for born og mykje, mykje meir!
-
Full Rulle - med musikk frå livets begynnelse
Velkomen til eit fornya Full Rulle! Ilag med Vestnes Kulturskule inviterer Vestnes Frivilligsentral til Full Rulle med musikk i det flotte nye Vestnes bibliotek (Stella Maris). Full Rulle er for alle som er heime med baby/små barn.
-
Habil - øvelseskjøring
Ikkje alle av oss har nokon vi kan øvelsekjøre med. Sertifikat er viktig å ha både for å bu på Vestnes, og i mange tilfelle gjer sertifikat det enklare å få jobb. I samarbeid med Vestnes Røde Kors og Flyktningtenesta har vi ein bil (frå Møre og Romsdal Røde Kors) på Vestnes annakvar månad som vi brukar til øvelseskjøring. Å vere frivillig i Habil er både kjekt, lærerikt, meiningsfylt, og ein ser heile tida tydelege resultat.