-
Organisering
Organisering Vestnes Frivilligsentral
Utlånsreglar Utstyrssentralen
Utlånstida er maks 1 veke.
Låntakar må vera over 16 år.
Berre personar over 18 år kan stå som
låntakar av utstyr som skal brukast av
yngre barn/familiemedlemmar.
Det vert føresett at lånetakar set seg inn i
bruken av utstyret, og at bruk skjer
Lånt utstyr vert brukt på eige ansvar, og utlånar står ikkje ansvarleg ved eventuell skade på personar som låner utstyr.
Reglar for innlevering
Utstyr skal leverast personleg i sentralen si opningstid. Ved innlevering vert utstyret gjennomgådd av personalet.
Utstyret skal leverast tilbake i same tilstand som ved utlån.
Alt av utstyr skal reingjerast og tørkast etter bruk, før det
vert levert tilbake. Dersom utstyret ikkje er reingjort/ tørka,
vil kostnaden ved dette belastast lånetakar.
Det skal gjevast melding om noko er øydelagt eller dårleg.
Lånetakar er erstatningsansvarleg ved skada/øydelagt utstyr.
Lånetakar vert belasta kostnaden for utstyret dersom utstyret
ikkje vert levert tilbake.