PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Stikk UT!

 

Vestnes Frivilligsentral koordinerer arbeidet med Stikk UT! i Vestnes kommune. Organisasasjonar og enkelt personar rundt om i heile kommunen legg ned ein stor frivillig innsats i å merke løyper og lage gode turskildringar slik at vi alle kan få lettare tilgong på gode naturopplevingar.

Stikk UT! er ein elektronisk turkassetrim folk i alle aldrar og med ulik fysisk kapasitet kan vere med på. På turmåla finn du som turgåar ein kode du enten skriv inn direkte i appen "Morotur" på mobilen, eller på nettsida til Stikk UT! når du kjem heim. Her kan du følgje med på eigne og andre sine turar og turmål. Der finn du også detaljert informasjon om kvar enkelt tur og kan vurdere på førehand om dette er ein tur som passar deg.

Meir informasjon og oversikt over alle turmåla i Møre og Romsdal finn du på Stikk UT!.

 

Fellesturar sesongen 2017

For sesongen 2017 vert det arrangert fellesturar til alle turmåla i Vestnes kommune. På kvar tur er det med kjentfolk som syner vegen. Dette er ein kjempefin mulegheit til å bli kjent med nye turar. Ta med niste, vi legg opp til bål der det er mogleg. Bli med og gå tur ilag med andre som likar å gå!

Sjå turoversikt nederst på sida.

Treng du utstyr til turen kan du finne det på Utstyrssentralen.