PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Om Vestnes Frivilligsentral

Vestnes Frivilligsentral vart starta opp sommaren 1997, og held til i Gamleskulen på Helland - Remmemsvegen 2.

Vår visjon er:

Vestnes Frivilligsentral skal bidra til at innbyggjarane i Vestnes kommune kjenner trivsel og tilhørighet i lokalsamfunnet, og legg til rette for deltaking i lokalsamfunnet.

 

Våre langsiktige mål er å:

  • vere ein møteplass og brubyggjar mellom menneske, frivillige organisasjonar og det offentlege

  • vere ein aktiv støttespelar og kompetansebank for frivilligheten i Vestnes kommune 

 

Frivilligsentralen skal bidra til å samordne den frivillige innsatsen som privatpersonar og frivillige organisasjonar i kommunen utfører, og dermed styrke og fremme det frivillige arbeidet.

 

Vestnes Frivilligsentral er eigd av Vestnes kommune, men har sitt eige styre og årsmøte. Kulturdepartementet gjev støtte til dei om lag 400 Frivilligsentralane i Noreg.


Vi tek veldig gjerne imot ideear til aktivitet og tilbod, ta kontakt med dagleg leiar.