PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Frivilligdagen - fole kjekt i Vestnes!

Kvart års arrangerer Frivilligsentralen ilag med lag og organisasjonar Frivilligdagen - fole kjekt i Vestnes! Då er det mykje liv og røre i Helland sentrum, der syner lag og organisasjonar i Vestnes kva dei gjer på. Det er informasjonsstands, sal av mat og drikke, konkurransar og loddsal, musikk, dans og appellar, aktivitetar for born og mykje, mykje meir!

Målet med Frivilligdagen er å syne breidda av frivillig aktivitet i kommunen, at lag og organisasjonar får vist seg fram. Det er også ein møteplass for lag og organisasjonar, og for innbyggjarane i Vestnes. Håpet er at dette skal bidra til auka trivsel. Frivilligdagen er eit årleg arrangement i regi av Frivilligsentralen og i samarbeid med Sentrumsforeninga, kommunen og Kulturskulen, i tillegg til lag og organisasjonar.

Frivilligdagen 2018 vert laurdag den 15.september, kl. 11.00-15.00. Vil din organisasjon vere med? Ta kontakt.