PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Bli frivillig

Har du litt tid til overs eller berre lyst til å gjere noko for andre? Vestnes Frivilligsentral har fleire aktivitetar vi treng frivillige til. Å vere frivillig er kjekt og givande, og gjer at ein vert kjent med nye menneske i lokalsamfunnet.

  

Kven kan vere frivillig?

Alle kan i utgongspunktet vere frivillige, men ofte passar vi til å vere frivillige til forskjellige ting utifrå erfaring, livssituasjon, kunnskap og engasjement. Å vere frivillig kan gi mange gode erfaringar, gi meining til kvardagen og kjensla av å bidra i eige lokalsamfunn. Vi gir deg gjerne ein attest når du har jobba som frivillig. 

Kva kan eg gjere?

På Frivilligsentralen har vi fleire aktivitetar. Vi ønsker alltid fleire med som språkvertar på Språkkafeen, turguidar til gåturane, frivillige til å ordne Kulturkafeen, og til å gjennomføre Full Rulle. Det er også behov for frivillige knytta til å halde utstyret på Utsyrssentralen i orden. Elles er det ønskeleg med frivillige til arbeidet i hagen rundt Frivilligsetnralen, og til å halde Gamleskulen vedlike. Ta kontakt så finn vi ut av det, og viser deg eventuelt vidare til lag og organisasjonar som passar deg.

Kva er forventa av deg?

Kor mykje tid du vil bruke og kva du ynskjer å bidra med bestemmer du sjølv.
Du inngår ingen langsiktig avtale – opplever du at det er givande, fortsett du.

Vil du melde deg som frivillig, eller kanskje du vil vite litt meir?
Kontakt oss uansett! Kom gjerne inn til ein uforpliktande samtale.

Eg ynskjer å starte noko nytt

Går du med ein tanke om å starte noko nytt eller du ser eit behov? Vi kan kanskje hjelpe deg i gong. Er det noko som allereie eksisterar så viderformidlar vi det.

 

Ta gjerne kontakt med dagleg leiar på Friviligsentralen.