PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Tirsdagskaffe

 

Tysdag 28.august 2018 kjem det eit nytt tilbod på Gamleskulen på Helland. Vestnes Røde Kors og Vestnes pensjonistlag vil i samarbeid med Frivilligsentralen starte opp Tirsdagskaffe. Tirsdagskaffe er eit tilbod for alle - det er berre å kome innom, slå av ein prat og nyte ein kopp kaffi eller to.

Det nyetablerte tilbodet vil vere kvar tysdag på Frivilligsentralen, Gamleskulen, frå kl. 11.00-13.00. Vi invitera til triveleg prat, vaffel og kaffi. Frivillige frå Røde Kors, Pensjonistlaget og Frivilligsentralen legg til rette. Kulturkafeen som før var eit tilbod på Frivilligsentralen er avslutta, og arrangørane håper å treffe fleire med dette tilbodet. Mange har ytra ønske om ein plass ein berre kan treffast for ein kopp kaffi og prat utan at det vert forventa noko, eller at det er for mykje opplegg. Håpet er at Tirsdagskaffe vert ein slik god møteplass.

 

Kom å ta formiddagskaffien på tirsdag med oss! Vi ynskjer alle hjarteleg velkomen!

 

Beste helsing

Gerd Misfjord, Vestnes Pensjonistlag

Sølvi Skar, Vestnes Røde Kors

Karianne Bergset Austnes, Vestnes Frivilligsentral