PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Habil - øvelseskjøring

Ikkje alle av oss har nokon vi kan øvelsekjøre med. Sertifikat er viktig å ha både for å bu på Vestnes, og i mange tilfelle gjer sertifikat det enklare å få jobb. I samarbeid med Møre og Romsdal Røde Kors har vi ein bil på Vestnes annakvar månad som vi brukar til øvelseskjøring. Å vere frivillig i Habil er både kjekt, nyttig, lærerikt, meiningsfylt, og ein ser heile tida tydelege resultat.

Det er mange som har behov for nokon å øvelseskjøre med. For å vere frivillig må du hatt sertifikat samanhengande i minst 5 år. Vi samlar frivillige og deltakarar til treff innimellom for å utveksle erfaring. På Språkkafeen har vi også bilteori for ei gruppe deltakarar som ønskjer å øve på det – frivillige er hjarteleg velkomen her også.

Dei som skal øvelseskjøre må ha trafikalt grunnkurs (om dei er under 25 år), hatt to timar på kjøreskule og ha tatt mørkekjøringsdemonstrasjon.

Habil er et tilbod til alle som trenger nokon å øvelseskjøre med.

Når ein skal kjøre avtalar den frivillige og deltakar seg imellom, deltakar har ansvar for å booke bilen. Som frivillig kan du sjølv regulerer kor ofte og når ein skal kjøre, men det er viktig at det ikkje går for lang tid mellom kvar gong slik at ein får ei god utvikling i kjøringa.

 

Har du lyst å vere med som frivillige, eller deltakar? Har du noko du lurer på? Ta gjerne kontakt.