PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Aktivitetsvenn - dobbel glede!

 

Målet med Aktivitetsvenn for personar med demens er å gje personar med demens fleire aktivitetar og gode opplevingar i kvardagen. Den frivillige aktivitetsvennen og personen som har demens vil gjere aktivitetar saman, aktivitetar som begge trives med – dobbel glede!

Eksemplar på aktivitetar er å gå tur, trene, gå i teater eller på kino, fiske, måle, eller bare treffast for ein kopp kaffi og ein liten prat. Med ein aktivitetsvenn kan personar med demens få muligheit til å fortsette sine vanlege aktivitetar. 

Alle frivillige aktivitetsvennar må delta på eit kurs. Kurset vil gje deg kunnskap om demens, kommunikasjon, samhandling og rolla som frivillig. Aktivitetsvenn er et samarbeidsprosjekt mellom Vestnes Frivilligsentral, Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt lokallag på Vike og Vestnes kommune. Vi vil saman gjere aktiviteten kjekk og trygg for den frivillige aktivitetsvennen, for personar med demens og deira pårørande.

Nasjonalforeningen for folkehelsen utvikla Aktivitetsvenn med midlar frå TV-aksjonen i 2013.

Er du nyfiken og lyst til å vite meir så er du velkommen til å ta kontakt og melde deg på kurs. Kurs vert arrangert med jamne mellomrom.  Det er først etter kurset du bestemmer om du vil vere aktivitetsvenn. Som aktivitetsvenn er du med og gir personar med demens fleire gode dagar og gode opplevingar. Du er med på å gjere ein forskjell for andre!

 

Ta kontakt om du vil vere med, eller ynskjer meir informasjon.